Sum: Aud Olsens poetologiske refleksjonar er morosam skallegymnastikk, ispedd ein passe dose aristotelisk slappstikk kritikk. Dansar pseudonyma kappleik i krokane? Ja det gjer dei.
28
Ho eller han skriv:
Her kan man bo. Man kan omgås løgnen, egen og andres, ikke feste seg så nøye ved den og dermed kanskje forelegge sin skuffelse til noe annet, som man leser. De kloke sier at man mister litt hver gang man leser en god bok. Mon det, eller også har de kloke rett, selvfølgelig har de rett, det er derfor de er kloke, men hva med oss andre? Jeg prøvde å lese disse skuffende, gode bøkene, og etterhvert hadde jeg unektelig skaffet meg lite, svært lite. Det var jo magre kår, dette her. (= sidetal)
1 eller 5, kanskje fleire
Aud Olsen er ikkje eit menneske. Aud Olsen er ikkje ei kvinne. Aud Olsen er ikkje ein forfattar. Aud Olsen er ein forfattar. Aud Olsen er ei kvinne. Aud Olsen er eit menneske. Aud Olsen er eit pseudonym. Aud Olsen er eit av mange pseudonym. Aud Olsen har ein eller annan slags relasjon til Gustav Haarnack, og har omsett essayet hans "Figuren". Det er appendixet til På kjøkkenet. Han er oppteken av Aristoteles og korleis han tenkjer kring byrjing, midte og slutt. Kor byrjar ein person i teksten? Sjølvsagt er Gustav Haarnack også eit pseudonym. Fullstendig tittel: På kjøkkenet eller maset med Gustav Haarnack, Ernst Ernst, Kestr Aschnitz, Arve Kleiva & Aud Olsen, men det er berre ein av dei som har kjøt på beina, og rygg til å bere dei andre. Slik kan ein også redde ein forfattar frå forfattarmytane.
Nr 8
Forlaget H Press er lite, og gir for det meste ut små, smale bøker. Det er bra. For ei tid tilbake spurde eg etter H Press-bøker i ein bokhandel i ein mellomstor norsk by, og fekk til svar at det er vel ikkje noko forlag som heiter det. Ein må derfor leite litt i dei større bokhandlarane, eller smette innom hpress.no. Serien Imperativ, som På kjøkkenet er komen ut i, tar for seg grunnspørsmål: "Hvorfor skrive hva hvordan". I same serien finst tekstar av Svein Jarvoll, Øyvind Berg, Tone Hødnebø, Kristine Næss, Ole Robert Sunde, Thure Erik Lund og den frittalande NRK-stemma Erling Lægereid. Det kjennest banalt å skrive at Aud Olsen er i kresent selskap.
½ x ½
Aud Olsen finst mest ikkje i teksten. Ho seier sjølv at ho er i ferd med å døy, "Døden min er nær, serru, den puster varmt og luktløst, som en forkjølet hund", og viser villig fram overstrykningane sine, slik sensurerer ho seg sjølv. Ho redigerer og stryk med opne kort, men skjuler seg på same tid svært godt. Vil ein kan ein kalle henne ein maskert person, som persona jo eigentleg tyder. Livshistoria hennar blir rissa opp med så grove strekar at ho knapt synest utanfor kjøkkenbordet ho sit ved, sjølv om ho altså rømte frå Sverige med Circus Bernardo, har vore gift med ein mann som var kalla opp etter Clark Kent, har ein son som som heiter Omar (ja, etter Omar Sharif), strevar med å forstå kva ho les og må " ha en pikk igjen" - innimellom. Men kvifor hovnar føtene hennar opp når ho les om Oidipus?
½ / ½
Dersom hovudpersonen og forteljaren i teksten knapt finst, har da ironien og bekjenningane ho kjem med noka rot? Sjølvsagt har dei det, og trass i at fingrane mine mest set seg fast i postmoderne språkteoriar medan eg skriv dette, så fungerer språket i boka som fanden. Elegant og frekt er det. Aud Olsen har ikkje fått nokon kropp å kle av, men viser seg likevel naken i setningane. Men sit ho eigentleg der på kjøkkenet? Kan ein figur i teksten sitte på ein stol og insistere på at ho skriv?
2 x 13 x 16 =
Det er synd at noen skal få ødelegge for alle er Arve Kleivas essaysamling som kom ut for nokre år sidan (Aschehoug 2003, tilsvarande tal for På kjøkkenet som er ei mykje tynnare bok, er 0,5 x 12 x 17 (ytre vitale mål): Begge vakre, med nette midjer og enkle grep, omslagsdesign av vekselvis Johanne Hjorthol og Rune Mortensen). Små bøker ligg annleis i hendene og gjer at ein kan krølle seg saman i stolen på ein annan måte enn når ein les større. I essayet "Ømme føtter" skriv Kleiva dette om forholdet mellom løgn og sanning:
Vi lyver, og liker det litt, selv om tristessen som danner kjølvannet etter en løgn, eller gjennomtrenger et system av løgner, omtrent slik året gjennomtrenges av årstidene, står i grell kontrast til det lille behaget som skyller over oss idet språket avslører sin forbindelse med noe vi ikke kan gjøre rede for, men er like knyttet til som språket. Og kanskje løgnen tar utgangspunkt i en knapt merkbar forbindelse med noe, som er sant, men som verken får plass i språket eller noe annet sted. Det flimrer og hakker på én gang, selv om det nesten ikke merkes, likevel kan det ligge der og bestemme, om igjen og om igjen, ulykkesfuglen, skinn og bein og et rosa gap som piper. Noen ganger letter det å si det som det er. I systemet av hele tall havner vi som regel ved siden av 1, litt mer eller litt mindre, med andre ord et sted mellom 2 og 0. Og det er trolig der de fleste fortellinger som fanger vår oppmerksomhet foregår (s. 71)
Når Aud Olsen byrjar å skrive, skriv ho "Det regner" på eit ark framfor seg. Dette er ei konkret registrering av det ho ser utanfor kjøkkenglaset sitt. Aud Olsen vil skrive noko sant, noko autentisk og noko som ikkje skjuler seg bak løgner. Før ho skriv denne setninga fortel ho at ho ikkje hadde vore si stand til å skrive noko på fleire år. At ho hadde kjent det som om ho var ein stad der språket ikkje var: "Mmm. Språket. Hvor er språket? På biblioteket. Og jeg er på kjøkkenet" (s. 16). Denne naivironiske konstateringa av å kjenne seg på utsida av språket, og føle det som om det litterære språket gøymer seg for ein, er ei kjensle alle skrivande kan nikke til, trur eg. Og i all si enkelheit, er dette også På kjøkkenets kjernespørsmål. Når Aud Olsen endeleg får til å sette pennespissen mot arket framfor seg, prøvar ho å fange det kvardagslege, det observerberre og trivielle. "Det regner" er ei sann setning for henne, men like snart som skyane lettar utomhus, legg dei seg som ei hermenautisk ullteppe kring skuldrene hennar. For når det sluttar å regne, er jo ikkje setninga sann lenger. Og korleis skal ein løyse dette? Logikarane kan lage likningar, språkfilosofane drøfte side opp og side ned. Aud Olsens tilnærming til språket er praktisk. Skal ho flytte frå austlandet (Rakkestad/Oslo) til vestlandet (Bergen), sidan det statistisk sett regnar meir og oftare der enn på austlandet, noko som gjer at setninga ville vere sann oftare. I denne komiskpragmatiske rasjonaliteten har det snike seg inn ein angsttopografisk resignasjon over at sjølv om fjell får regn til å falle, vil det ikkje kunne gjere utsegna allmenngyldig likevel. Hurra og heldigvis!
2006 og 1991
Aud Olsen går ikkje ut lenger, og slik blir ho ei søster til den namnlause mannen i Naustet. Jon Fosses kanskje kvassaste roman – eg går ikkje ut meir no, ei uro er komen over meg, eg sit her på loftet til mor mi, eg går ikkje ut meir no - skriv eg etter minnet og tenkjer at eg snart må få pakka ut bokkassene mine, og at desse to norske litterære innesittarane har ein far i Beckett og ei mor i Bachmann.(Og da eg hadde gjort det, kunne eg sitere romanopninga korrekt : "Eg går ikkje ut lenger, ei uro er kommen over meg, og eg går ikkje ut. Det var i sommar uroa kom over meg. Eg trefte Knut´en igjen, eg hadde ikkje sett han på sikkert ti år. Knut´en og eg, alltid var vi saman. Ei uro er kommen over meg. Eg veit ikkje kva det er, men uroa verker i den venstre armen, i fingrane. Eg går ikkje ut lenger. Eg veit ikkje kvifor, men det er fleire månader sidan eg sist var utom døra. Det er berre denne uroa. Det er derfor eg har bestemt meg for å skrive, eg skal skrive ein roman.") For begge vil dei skrive, og begge vil dei at det dei skal skrive skal kunne gripe det dei tenkjer på. Den namnlause på loftet tenkjer på kona til Knut'en og spelar gitar, Aud Olsen sit på kjøkkenet og stirer ut gjennom vindauget. Begge staggar dei hovudet i veggen og blir slengt veggimellom av uløyselege eksistensestetiske fangarmar. For kven er det som skriv, kva er det han gjer med dei han skriv om, og kva gjer dei han skriv om med han som skriv?
+ 2300 år
For alle som likar å spele pingpong med gamle Ari, er Gustav Harnaacks figur-essay gefundenes fressen, servert med ein akkurat passe spiss og ubsetemmeleg saus av byrjingar, midtar og sluttar. For kva er kva for kva når og korleis? Andre kan diskutere forholdet mellom høna og egget, Harnaack insisterer på at ein kan skildre rørsle i eit punkt, samstundes som ein borar og borar seg ned i det same punktet, og slik opnar han opp for at byrjinga er slutten for slutten og at midten er slutten for byrjinga for byrjinga for slutten, eller var det omvendt, samtidig: "[en] begynnelse konstitueres, ifølge sitt begrep, først når slutten gir seg til kjenne. Man kan følgje denne enkle logikken, og finne, at et forløp, av rent formale grunner, verken kan begynne eller slutte." Han spør: "Ville problemet forsvinne om begynnelse og slutt manglet utstrekning", og svarar klokt nok; "Neppe", og kanskje dette er ein av grunnane til at det stadig er interessant å diskutere fabelens utstrekking. Harnaacks essay er retorisk småfinting, og sjølv om det insiterer på å kile seg inn i resepesjonshistoria, blir plasseringa av det, som ein del av omsettaren, Aud Olsens kjøkkenverk, undergrave av det eine mottoet for heile boka. Iggy Pop seier: I was most impressed. No one else was impressed, not at all. Eg les mottoet ironisk og som ein syrleg metakommentar, som peikar nase både innover mot det som går føre seg mellom permane, og det som går føre seg i ho som prøvar å lese. Kven vant? Aristoteles sjølvsagt – som alltid…
30
Derfor – eller kritikk av (forfattarens rolle i) kulturindustrien (men er dette framleis eit relevant omgrep?):
Det er ikke så stor forskjell, kanskje, når noe hviler i språket og noen hviler i sofaen. Det første bildet er abstrakt og ingenting svarer til det, det neste er konkret og noe svarer til det. Men hva? Jeg la meg på sofaen, hvilte. Jeg skjønte at dette (å ligge på sofaen, hvile) tok form av en rekke, at ordene fulgte hverandre. Og da "hvilte de", kanskje? Eller var de "oppskjørtet" og "stresset"? Jeg tviler (tror ikke) på det. I det hele tatt, systemet lekker som en sil, man burde organisere hele greien på en annen måte, kvitte seg med språket og finne på noe annet, en annen måte å snakke og skrive om snakking og skriving på. Ordene skuffet ikke bare i form av brudd på løfter og forventninger, men et trekk ved snakk og skriving var at ingenting behøvde svare til det man sa, skrev, leste, at man ofte ikke helt visste hva som ble sagt, av en selv og andre – eller også: om ikke ingenting, så lite, eller noe helt annet. Lite og ingenting svarer til det meste som sies, og skrives, eksempelvis på tv, som jeg kjenner så godt til gjennom de siste femten-tyve årene, fordi den alltid står på og jeg kikker på det som foregår der, mens jeg ligger på sofaen, hviler, eller prøver å lære noe. Noen ganger viser skjermen bare snø, et bevegelig virvar av sorte og hvite prikker, i rasende bevegelse over skjermen. Hviler disse prikkene? Stresser de? Vel. Men så svarer noe til det som sies likevel, noe svarer, men kanskje ikke det man tiltalte, eller påsto man tiltalte, man kan knipe den i å lyve, varen eller du selv – eller, som i mitt tilfelle, journalisten og "forfatteren". Ok, forfatteren nei. Faen (s. 30).
4 + 1
På kjøkkenet er bygd opp av fire små tekstar, i det sjangermessige mellomrommet mellom skjønnlitterære fragment og essayistiske refleksjonar. Aud Olsen skriv "På kjøkkenet", "På Prix og konsum forsåvidt" ("Hvorfor ikke løpe skrikende og naken bortover gaten, i vinterkulden?"), "En tid i tvil og opprør" og til sist "Til postkassen". Tematisk diskuterer ho ulike fenomen som økonomi og varehandel ("Ryktet om vår død er en rift i varens form"), underhaldningskonsum, draumar og utopiar og om sine få, og strevsame turar til postkassa. Er det eit relevant spørsmål å spørje om verda blir verre eller betre om ein kan kjøpe Hölderlin og Benjamin på Prix? Ein må jo ha mat. På kjøkkenet blir avsluta med eit Appendix. Ein blindtarm, altså, og eit vedheng til teksten. Blindtarmen er naturleg del av kroppen, men ikkje eit livsviktig organ, og ein kan leve godt utan (som eg gjer). Blir det derimot betennelse i blindtarmen, kan det bli livstruande. Harnaacks essay er omsett av Aud Olsen, og slik ein naturleg del av verket, men konsekvensen av dei poetologiske refleksjonane hans, truar heile tida å slå beina (eller rettare; dei hovne føtene) under Aud Olsens tekstar. Og det er på dette punktet På kjøkkenet vaklar og samtidig står støtt.